Kjøle- fryserom butikk

Fresvik Produkt er i dag marknadsleiar på kjøle- og fryserom til daglegvarehandel, bensinstasjonar og storkioskar.

Frosne og nedkjølte varer utgjer ein stadig større del av vår daglege handel. Kontroll med lagring og behandling av slike varer er streng og krev at daglegvarehandelen har tilstrekkeleg med installasjonar for å presentere denne varegruppa.

Totalpakke med montasje

Vi leverer gjerne ein totalpakke som inneheld kjøle- og frysepanel med tilhøyrande dørar, portar, glassfrontar, hylleinnreiing, beslag, ventilar og festemateriell. Våre panel blir også brukt til veggar og himlingar i tilberedningsrom og delikatesseavdelingar.

Vi står også for montasje gjennom samarbeidande montasjeselskap.

Vil du vite meir om våre kjølerom og fryserom for butikk?
Ta kontakt med vår salsavdeling.