Buskerud storcash

I oktober i år opna Buskerud storcash sitt nye bygg i Kobbervikdalen i Drammen.

Storcash er ein del av ASKO og NorgesGruppen og det nye bygget på 2300 kvadratmeter blir eit av dei mest miljøvennlege stormarknadane i landet.

Vår samarbeidspartnar, Kelvin AS, har hatt ansvar for at varme fra kuldeanlegget på Storcash i Kobber blir gjenvunne og utnytta til oppvarming av bygget. Og på sommartid sørgjer kuldeanlegget for nedkjøling av ventilasjonslufta. 

Vi i Fresvik Produkt leverte 1650 kvm med Fresvik isolasjonspanel, sju kjøle- og frysedørar og ein fryseport, alle produsert ved vår fabrikk i Fresvik.

Inne i butikken leverte Schott Termofrost heile 42 glassdørar til fryserommet, som vist på foto.

Foto: Trygve Indrelid

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

https://www.gasta.no/
Forrige
Forrige

Celsa Steel Service, Sotra

Neste
Neste

Bjerke spekemat og delikatesse