Personvernerklæring

  • Eigar av denne nettsida er: Fresvik Produkt AS, Fresvikvegen 995, 6896 Fresvik. Epost: post@fresvik.no. Vårt org. nr er: NO 922 582 270.

  • I samband med kundeforhold må vi innhente opplysningar som namn, adresse, epost, telefonnr, organisasjonsnummer og anna nødvendig informasjon. Dette er opplysningar vi utelukkande nyttar for å handtere ditt kundeforhold. Vi tek vare på opplysningane så lenge vi har eit kundeforhold. Du har rett til innsyn, retting og sletting av data vi har lagra om deg. Etter endt kundeforhold vil vi ta vare på data så lenge vi ser det hensiktsmessig for å hjelpe deg med eventuell historikk om du skulle ha behov for det.

  • Utlevering av personopplysningar vil ikkje skje, med mindre det føreligg lovbestemt opplysningsplikt ovanfor offentlege myndigheiter.

  • Vårt kunderegister inneheld opplysningar om kunden som namn, adresse, telefon, evt selskapsnamn og informasjon om kontaktpersonar hjå kunden, i tillegg til opplysningar om kva tenester og produkt kunden har kjøpt. Desse blir lagra i vårt system så lenge det er tenleg for oss. Ønskjer du å få oversikt over kva vi har lagra og evt. bli sletta frå vårt system, sjå kapittel om sletting.

  • Fresvik.no nyttar informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Ved å bruke nettsida vår samtykker du i at vi kan setje desse i din nettlesar. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader nyttar. Vi nyttar denne kunnskapen for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida vår. Dei fleste nettlesarar, som Opera, Internet Explorer, Firefox, Safari etc, er innstilt slik at cookies blir akseptert automatisk. Om du ikkje ønskjer å akseptere cookies må du sjølv endre innstillingane i din nettlesar. Merk at denne innstillinga kan føre til at mange nettstader ikkje vil fungere optimalt.

  • Eigar: Squarespace/Google Analytics

    Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande nyttar nettsida. Vi brukar denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.

    Eigar: Vimeo

    Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

    Eigar: Youtube

    Føremål: Lagar statistikk på visningar og visningsdata på videoar på sida.

  • Ved å melde deg på Fresvik Produkt AS sitt nyheitsbrev, samtykker du til at vi lagrar ditt namn og din e-postadresse. Dette brukar vi til å sende ut relevant informasjon om oss og våre tenester. Vi nyttar Mailchimp for å handtere utsendingar av e-postar. Fresvik Produkt AS forpliktar seg til å ikkje dele informasjonen din med andre partar. Informasjonen vil ligge lagra hjå oss inntil til du eventuelt melder deg av nyheitsbrevet. Alle våre utsendingar har funksjonalitet for at du kan melde deg av med eit klikk.

  • Når du fyller ut kontaktskjema på nettsida lagrar vi denne informasjonen i vårt CRM-system. Denne informasjonen vil vi lagre for å kunne yte betre kundeservice. Vi etterstrebar å ikkje ta vare på dine detaljar lenger enn nødvendig. Ønskjer du å bli sletta, sjå kapittel om Innsyn, retting og sletting av personinformasjon under.

  • Det er muleg å dele artiklar på nettsida i sosiale medium (Facebook, Twitter). Vidare handtering av data som blir delt i sosiale medium, vert regulert av din avtale med det aktuelle nettsamfunnet.

  • Etter personopplysningsloven § 18 har du som privatperson krav på innsyn i dei opplysningar som er registrert om deg. Innsyn kan ein få ved å hendvende seg til Fresvik Produkt AS på epost: post@fresvik.no. Dersom registrerte opplysningar er uriktige, ufullstendige eller du ønskjer å slette dine opplysningar, kan ein krevje dette i henhold til personopplysningsloven § 27.

  • Dagleg leiar i Fresvik Produkt AS er ansvarleg for handsaming av personopplysningar. Vedkommande er ansvarleg for at det vert gjennomført internkontrollar med omsyn til behandling av personopplysningar, og at evt. avvik frå gjeldande lovverk blir meldt inn og retta. Vi etterstrebar til einkvar tid å følgje gjeldande regelverk for personvern.

    Har du spørsmål, ta kontakt på post@fresvik.no.