Om Fresvik Produkt

Den beste samarbeids-partnaren for deg som kjøleentreprenør

Fresvik Produkt er den einaste norske produsenten av isolasjonspanel, dører og portar til kjøle- og fryserom. Dette gir oss unik fagkunnskap, som du kan nyte godt av undervegs i prosjektet. Vår visjon er å vere den beste samarbeidspartnaren for deg som kjøleentreprenør. Med produksjon i Fresvik i Sogn sikrar vi også kortreiste produkt og god leveransesikkerheit.

Fresvik Produkt er i dag marknadsleiar på kjøle- og fryserom til daglegvarehandel, energistasjonar og storkioskar, i tillegg til at vi er einaste norske produsent av isolasjonspanel for maritimt bruk (DIN 4102-B2.)

Vår storleik kombinert med ei bevisst satsing på fleksible produksjonsløysingar gjer oss i stand til å levere kundetilpassa løysingar. Vi legg sterk vekt på skreddarsaum tilpassa våre modulmål, noko som gir lite svinn og avfall på byggjeplassen.

Alle våre isolasjonspanel bir levert med eksenterlås, som gir rask og enkel montasje.

Hovudkontor og produksjonsanlegg ligg i Fresvik i Sogn, i tillegg har vi salgskontor i Drammen. Selskapet har ca. 45 tilsette.

Sjå oversikt over tilsette

Har du eit prosjekt du vil diskutere med oss?