LED-lys til kjøle- og fryserom

Fresvik tilbyr LED-lys i aluminiumsprofil med Opal avdekning til våre kjøle- og fryserom. Skru eller lim ein aluminiumsprofil rett i taket på rommet og fest LED Strips i denne.Vi sender direkte frå Stork i riktig lengde. Påmontert 2 meter ledning. Lag hol og stikk tilkoblingsledningen ut, legg igjen driver - så gjer elektrikaren  resten.

    LED striper

    Med LED striper får du ei fleksibel, langsiktig og energibesparande løysing som samtidig er enkel å installere. Vi leverer eit breidt utval LED striper for 24V.
    Kan også leveres med kapslingsgrad på opptil IP67.

    LED striper vert levert i tilpassa lengder.

    Med å ta i bruk belysning med LED-teknologi, oppnår du:

    • Lys med farge 4000 kelvin.
    • lang levetid
    • enkel montasje
    • avgir nesten ikkje varme, kun 14,4w/meter.
    • kun 6mm byggehøgde

    LED profiler

    Rette eller hjørnetilpassa profilar i 2 meters lengder med opal skjerm.

     

     

    Standard dører

    Standard kjøle og fryseromsdør. Berekna for mindre og mellomstore rom. Blir også nytta til inspeksjonsluker og nødutgangsluker i større anlegg.

    Konstruksjon:

    Dørbladet har overflate av galvanisert stålplate med polyesterlakk, type Foodsafe.
    Isolasjon av 80mm, høgtrykkskumma polyurethane.

    Utanpåliggande karm i 2 mm, pulverlakkert galvanisert stål. Fryseromsdørar leverast med varmekabel i karmen, kabelen er sjølvregulerande. 230V, 16W/m. Karmen leverast som standard med terskelprofil. Tetting ved magnetpakning montert i pvc-profil på dørbladet. Lett utskiftbar.

    Standardleveranse:

    • Dørblad med pakningar, montert på karm som beskreve over.
    • Varmekabel i fryseromsdørar.
    • Hevehengsler med forspenning.

    Ekstraleveranse:

    • Terskelfri løysing med slepelist i botnen av dørbladet.
    • Liggande terskel for nedstøyping på frysedør med slepelist.
    • Lås med innvendig nødåpner.
    • Dørblad og karm i rustfri utførelse.
    • Dørtiltrekkar, eventuelt med dørpumpe.
    • Mål utanom standard
    • Oppkøyringsrampe i aluminium til fryseromsdørar

    Kort leveringstid:

    Vi har lager av standard dørar.
    Dører med bredde-lysmål på 700, 800, 900 og 1000 mm kan som regel sendast same dag eller seinast innen 48 timar.
    Kontakt oss for leveringstid og pris.

    Skipsdører

    Slagdør spesielt berekna for kjøle- og fryserom ombord i skip.

    Konstruksjon:
    Dørblad: Overflate i 25 my polyesterlakkert stålplate eller rustfritt stål.

    Isolering:
    80 mm skumma polyurethan, ca. 40 kg/m3.

    Beslag:
    Kraftige hengsler og lås med innvendig nødåpner.

    Karm:
    Utanpåliggande i 2 mm profilert rustfritt stål. Fryseromsdørar

    leverast med innlagt varmekabel, 16 W pr. meter. 230 V.

    Tetting:
    Kraftig, utskiftbar pakning.

    Mål:
    Produserast etter mål frå kunde.

    Montering:
    Kan monterast på stålskott, trevegger eller isolasjonspanel.

     

    Industri slagdør

    Større slagdør for kjøle eller fryserom berekna for industribruk. Eksempelvis slakteri, meieri, engroslager.

    Konstruksjon
    Dørblad: Overflate av 25 my polyesterlakkert galvanisert stålplate type FOODSAFE.

    Isolering
    Frys: 100 eller 125 mm skumma polyurethane, ca. 40 kg./m3.
    Kjøl: 100 mm skumma polyurethane, ca. 40 kg./m3.

    Beslag
    Løftehengsler. Inn- og utvendig åpnar med smekksperre.

    Karm
    Utanpåliggande av sjøvannsbestandig, eloksert aluminium. Frysedørar leverast med terskel og innlagt, sjølvregulerande 230 V varmekabel. Effekt varmekabel 51 W/meter. Skifting av varmekabel kan skje utan å demontere døra.

    Tetting
    Dobbel gummipakning i EPDM-kvalitet.
    Dobbel slepegummi mot golv.

    Mål
    Produserast etter mål frå kunde

    Ekstra
    Lås med innvendig nødopner
    Dørblad i rustfritt stål. 

    PVC-gardiner

    Reduserer kuldetap i perioder der porten står open i lengre tid på grunn av hyppig trafikk. PVC-gardin er ein enkel og rimeleg løysning som også nyttast til inndeling av mindre rom og innkleding av maskiner og utstyr.

    Konstruksjon:
    Består av transparent PVC-strips med overlapp montert til eit oppheng i aluminium.

    Leverast i to versjonar:
    Stripsmål 300 x 3 mm
    Stripsmål 200 x 2 mm

    Begge leverast i kuldebestandig utførelse.


    Dimensjon 300 x 3 mm nyttast i opninger med truck-køyring
    Dimensjon 200 x 2 mm nyttast i opninger med lettare trafikk.

    Dimensjonar:
    PVC-gardin leverast i dimensjonar tilpassa dei fleste behov.

    Ekstraleveranse:
    Kan leverast på skinne for å skyve gardina til sides.