Beslag

Fresvik Produkt baserer seg på komplett leveranse. Det betyr at saman med panela våre sender vi også nødvendige beslag til montasje.

Vi produserer beslag av same stål som panela blir laga av. Utforming av beslaga er viktig, fordi ein er avhengig av det blir tett og at det må sjå pent ut når montasjen er ferdig.

Storleik på, og utforming av, beslaga må tilpassast til panela. Difor må endeleg utforming av beslaga av og til bli bestemt på byggjeplass saman med oppdragsgjevar.