God jul og godt nyttår

Vi ønskjer alle våre kundar og samarbeidspartnarar ei retteleg god jul.

Frå 22. desember tek vi ein velfortent juleferie og stengjer ned heile fabrikken. Dette gir alle våre tilsette mulegheita til å lade batteria og nyte juleferien saman med sine næraste.

Sjølv om vi tek nokre fridagar, er det framleis muleg å kontakte oss om det skulle oppstå noko. Vår dyktige salssjef, Lars vil vera tilgjengeleg i romjula for å bistå dykk med eventuelle førespurnader eller spørsmål. Du kan nå han på mobil 404 77 912, eller på mail larliv@fresvik.no 

I år som i fjor har vi valt å gi ei gåve til dei som treng det mest, i staden for å sende ut gåver til kundane våre. I år støttar vi Kirkens Nødhjelps katastrofefond, som bidreg med livsviktig nødhjelp til dei som er ramma av både natur- og menneskeskapte katastrofar.

Vi takkar for samarbeidet i året som har gått, og ser fram til å gi dykk topp kvalitet i det komande året.

Nok ein gang, GOD JUL! 

Neste
Neste

Ein investering for å henga med i tida