Ein investering for å henga med i tida 

Sommaren 2022 starta vi arbeidet med å automatisere pakkinga i produksjonen.

Etter sommarferien i år kunne vi spent ta i bruk roboten, og det vi kallar “kaos-lager”, der elementa vert lagra.  

Investeringa er gjort for å skape betre og tryggare arbeidsplassar for våre tilsette. Det er òg med på å lage eit betre produkt for kundane våre, og effektivisere arbeidet vårt.  

Når elementa er ferdig produserte, tek roboten dei inn på lageret. Alle elementa har ein unik strekkode som roboten registrerer. Når noko skal sendast, hentar roboten først ein palle, så plukkar den ut dei rette elementa. Deretter plasserer roboten elementa på pallen. Når alle elementa er på plass, blir dei i dag manuelt dekka til med plast og klargjort for sending. Dette gjer at dei som pakkar sparar seg for tunge løft. Heile prosessen vert òg meir effektiv.

Automatiseringa gjer arbeidsdagen enklare. 

Vi jobbar heile tida med å forbetre roboten og prosessane rundt, slik at den skal verte mest muleg effektiv. Det er ei avansert maskin, og vi testar framleis ut korleis vi kan tilpasse roboten best muleg for vår produksjon.

Det blir spennande å sjå vegen vidare med automatisering! 

Forrige
Forrige

God jul og godt nyttår

Neste
Neste

Agnar er snart pensjonist