Agnar er snart pensjonist 

Etter 44 år med dedikert arbeid, er Agnar Bøtun klar for pensjonisttilværelsen - eller er han?

Agnar er den som har jobba her lengst til no, med imponerande 44 år bak seg. 

– Eg føler meg veldig privilegert som har hatt ein så god arbeidsplass så lenge, smiler Agnar.

Vore med på heile reisa
Då Agnar starta hjå Fresvik Produkt i desember 1980, vart han den sjette medarbeidaren. Han vart fort ein viktig del av det veksande teamet.
Agnar har vore vitne til mange milepælar, endringar og opp- og nedturar i Fresvik Produkt sidan 1980. Han fortel at det har vore veldig spennande å sjå utviklinga og veksten til Fresvik Produkt.

– I starten sende vi mykje med båt. Alt som skulle nordover og sørover gjekk med båt. På den tida var det tre lasteruter som gjekk i løpet av ei veka. Då måtte vi frakta det vi skulle senda med lastebil ned på kaien. Då var det full rulle på kaien! Etterkvart gjekk alt over til bil. Det er litt av ein forskjell, mimrar Agnar med eit smil.

Vidare fortel han korleis han har opplevd Fresvik Produkt som ein arbeidsplass.

– Det er ein veldig fleksibel arbeidsplass. Det har aldri vore problem å få fri om ein skal noko. Det er ikkje berre lønna det handlar om. Industrien generelt ligg ikkje i toppsjiktet når det kjem til lønn, men her har vi fleksibiliteten. Gode forhold på arbeidsplassen tel meir enn lønna. 

“Eg føler meg veldig privilegert som har hatt ein så god arbeidsplass så lenge.”

- Agnar

Lager, pakking og sending
Agnar har hatt mange ulike oppgåver tida han har vore her. På midten av 80-talet vart han arbeidsformann, og det var han i nærare 25 år. 

– Ellers har eg drive mykje med transport, pakking og sending. Siste åra har eg jobba mykje på lageret, samtidig som eg har jobba tett saman med innkjøpssjefen. Eg har og teke i mot varene. 

Agnar har også assistert med å gå gjennom lønningane til våre tilsette i mange år. Med andre ord har han vore innom mange rollar her på Fresvik Produkt. 

Ikkje heilt klar endå
Han er ikkje heilt klar for pensjonisttilværelsen endå. Vi har nemleg overtalt han til å bli hjå oss ei stund til! Agnar skal jobbe 50% fram til sommaren. Etter det blir Agnar 100% pensjonist.

– Det er eg glad for, elles hadde eg berre hatt nokre dagar att på jobb før jul. Det hadde vore vemodig!

Agnar vert ikkje arbeidsledig som pensjonist.

– Det er alltid ting som skal gjerast. Vi har ei hytte på Os, som eg har planar om å bytte tak på og litt anna forskjellig. Vi har ein bubil, og vi treng ikkje lenger vera heimaattkommen til sundagskvelden! Så føler eg at eg har forsømt sjøen. Eg har ein båt, så det blir moro å bruka meir tid på sjøen for å fiske!

Vi er veldig glade for at vi får ha Agnar ei stund til og ønskjer han lukke til som 50% pensjonist! 

Forrige
Forrige

Ein investering for å henga med i tida 

Neste
Neste

Ledige stillingar