Fryse- og kjølerom til nye Storcash på Rudshøgda

Fresvik Produkt har levert fryserom med fryseport og tre kjølerom til Storcash sin nye butikk på Rudshøgda.

Leveransen er ein del av etableringa av det nye anlegget deira, der det er lagt vekt på funksjonelle og energieffektive kjøle- og fryseløysingar tilpassa behova til butikken.

Prosjektet omfatta produksjon og levering av totalt fire rom, utforma for å sikre optimal lagring av varer og effektiv logistikk i den daglege drifta. Gjennom eit tett samarbeid med Larsen Kjøleservice har vi levert robuste løysingar med høg kvalitet og lang levetid.

Vi set stor pris på tilliten frå Storcash og er stolte over å ha bidrege til opninga av den nye butikken deira på Rudshøgda.

Vi ønskjer Storcash lukke til i dei nye lokala og takkar for eit godt samarbeid med Larsen Kjøleservice.


Bilder frå prosjektet

(Klikk på bilda for stor visning)

Vidar Bondevik

Vidar er rådgivar og byråeigar i Gasta, med lang erfaring innan web, design, merkevarebygging og strategi.

vidar@gasta.no

https://gasta.no
Neste
Neste

Skreddarsydd fryserom til Baza i Fredrikstad