Tomas Kruvelis - vår nye mann på innkjøp

tomas kruvelis 20180315_121307.jpg

I løpet av våren vil vår innkjøpssjef Ronny Bjørneklett trekke seg tilbake.

Tomas Kruvelis vil overta dei fleste av Ronny sine oppgåver framover.

Tomas er busett med familien sin i Fresvik, men han kjem opprinneleg frå Litauen.

Han har vore tilsett hjå Fresvik Produkt frå starten av 2012, då han tok til i produksjonen.

Siste halvåret har Tomas kombinert foreldrepermisjon i 50 % stilling med opplæring på innkjøp, delesal og mykje meir.  Mange av kundane våre har nok alt hatt kontakt med han.

Tomas tek til att i 100 % stilling i løpet av sommaren, og ser fram til god kontakt både med kundar og leverandørar.

Er du som kunde på jakt etter deler, er det Tomas som vil vere mannen framover.

Vi ønskjer Tomas velkomen blant funksjonærane våre.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Ei gladhistorie frå Fresvik Produkt

Neste
Neste

Fasadeprosjekt for Celsa Steel Service på Sotra