40 år med isolasjonspanel til kjøle- og fryserom

22. februar i år var det 40 år sidan Fresvik Produkt starta opp sin førte produksjon av sandwich-panel, og sidan har produksjonen gått uavbrote.

Fresvik Produkt 40 aar.jpg

Fredag 21. februar hadde bedrifta «ope hus» om ettermiddagen, der alle som kom fekk omvisning i fabrikken, kaffi og jubileumskake.

Trass i dårleg ver denne ettermiddagen og usikker veg inn til Fresvik, så møtte mange fram. Vi trur det var mykje både nytt og overraskande å sjå for dei frammøtte. Det var i alle fall det inntrykket vi sat att med etter ein hyggeleg ettermiddag på bedrifta.

Gründaren til Fresvik Produkt, Botolv Hov (t.h., 98 år) i samtale med tidlegare styreleiar Knut Hovland.

Gründaren til Fresvik Produkt, Botolv Hov (t.h., 98 år) i samtale med tidlegare styreleiar Knut Hovland.

Frå omvisinga i produksjonen

Frå omvisinga i produksjonen

Kaffi og jubileumskake i kantina

Kaffi og jubileumskake i kantina

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Kjølerom til fruktbonde - enkelt og raskt levert

Neste
Neste

Innfesting mot golv