Restauranthuset Malin

China House AS har i haust opna det nye Restauranthuset Malin i Sogndal Kulturhus. 

Restauranten har blitt ein stor suksess, og Fresvik Produkt har levert både kjøle- og fryserom. I tillegg har vi levert vegger til grovkjøkken og oppvask, alt i tråd med ynskje frå oppdragsgivar.

Fresvik Produkt har tilsvarande leveransar rundt i heile landet, men tykkjer det er ekstra kjekt at våre produkt i høve kvalitet og hygiene vert verdsatt lokalt.

Prosjektet vart levert ferdig montert i løpet av nokre få veker. Dette var avgjerande for kunden, og Fresvik Produkt fekk det til i samarbeid med byggherre og ikkje minst ved hjelp av dyktige montørar som viste stor fleksibilitet.

Fresvik Produkt ynskjer Resturanthuset Malin lukke til med drifta!

Restauranthuset Malin i Sogndal - ein stor restaurant med 230 sitjeplassar

Restauranthuset Malin i Sogndal, med 230 sitjeplassar.

Fresvik Produkt vart vald som leverandør på grunn av kvalitet/kompetanse og kort leveringstid.
— Per Rygg, prosjektleiar Via Nor as
Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Bjerke spekemat og delikatesse

Neste
Neste

Coop Extra Naustdal