Coop Extra Naustdal

Ny Coop-butikk med kjøle-/fryserom og portar frå Fresvik Produkt.

Coop Extra opnar 19.november ny butikk i Naustdal i Sunnfjord, og vi i Fresvik Produkt vart den føretrekte leverandøren av kjøle og fryserom. I prosjektet, som vart levert gjennom vår partnar Øen Kuldeteknikk, har Fresvik Produkt levert fryserom med fryseport og mange kjølerom. 

Kjølerom er "skreddarsaum"

Leveransen frå Fresvik var ferdig tilpassa til dei måla som kunden ønska, også tilpassa mot skrå tak. Dette er «skreddarsaum» slik Fresvik Produkt er kjend for. At leveransen er ferdig tilpassa frå fabrikk gjer monteringsarbeidet enkelt. AKS Montering utførde som alltid arbeidet på byggeplassen både hurtig og nøyaktig.

Butikken opnar 19. november, og dette vil bli ein moderne butikk med kjølerom for meieri/kjøtt, frukt og grønt, mineralvatn i tillegg til frukt/grønt-torg.

Fresvik produkt er marknadsleiar på kjøle- og fryserom til butikk. Les meir om kjøle- og fryserom til butikk her.

Vi takkar for oppdraget og ynskjer lukke til med butikkdrifta!

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Restauranthuset Malin

Neste
Neste

Interfrukt