Telemark Kjøtt as

Vi i Fresvik Produkt opplever ein hyggeleg vekst i prosjekt for kjøttbransjen. I takt med auka etterspurnad etter kortreist mat blir vi engasjert i fleire prosjekt for mindre og mellomstore næringsmiddelprodusentar, som f.eks Telemark Kjøtt as.

Selskapet er ein lokal kjøtprodusent på Notodden som produserar rundt 15 tonn pålegg og 50 tonn pølser i året. Dei har opplevd ein fin vekst, og frå veke 20 i 2015 er dei på plass i nye produksjons- og salslokale i Sauheradvegen på Notodden.

Her har vi i Fresvik Produkt levert ca. 750 m2 med Fresvik panel, med standard Foodsafe-overflate. I tillegg har vi levert Fresvik fryseportar og dørar frå Kvanne Industrier.

Telemark Kjøtt skal også ha salslokale her, og det er difor store vindaugsflater inn mot produksjonslokala.

Kort gjennomføringstid

Fresvik fekk ordren i februar, vi har montert paneler, portar og dørar, og bygget blir teke i bruk medio mai 2015. Heilt etter planen.

Eit typisk Fresvik-prosjekt, dette! Og så glad vart sluttkunden på Notodden:

 
Foto: Telemark kjøtt/Arild Huneide

Foto: Telemark kjøtt/Arild Huneide