Buskerud storcash

I oktober i år opna Buskerud storcash sitt nye bygg i Kobbervikdalen i Drammen. Storcash er ein del av ASKO og NorgesGruppen og det nye bygget på 2300 kvadratmeter blir eit av dei mest miljøvennlege stormarknadane i landet.

Vår samarbeidspartnar, Kelvin AS, har hatt ansvar for at varme fra kuldeanlegget på Storcash i Kobber blir gjenvunne og utnytta til oppvarming av bygget. Og på sommartid sørgjer kuldeanlegget for nedkjøling av ventilasjonslufta. 

Vi i Fresvik Produkt leverte 1650 kvm med Fresvik isolasjonspanelsju kjøle- og frysedørar og ein fryseport, alle produsert ved vår fabrikk i Fresvik.

Inne i butikken leverte Schott Termofrost heile 42 glassdørar til fryserommet, som vist på foto.

Sjå fleire referansar

 

Foto:Trygve Indrelid