Siem Stingray

Foto: Harald.M.Walderhaug

Foto: Harald.M.Walderhaug

Kjøle/fryserom til skip/offshore levert VARD Accommodation as...igjen

Fresvik har gjennom mange år vore sterke på leveransar av panel til skip/offshore. Før sommarferien vart Siem Stingray sjøsett ved VARD Brattvåg.

Konstruksjonsskipet Siem Stingray er siste skip i ein serie på fire like konstruksjonskip som VARD har bygd for Siem Offshore. Vi i Fresvik har ved fleire anledningar levert kjøle- og fryserom til bygg ved VARD sine verft.

VARD er med sine 10.000 tilsette og 10 verft i Norge, Romania, Brazil og Vietnam ein av dei store skipsverfta innanfor offshore og spesialiserte fartøy.
 

Leveranse iht. DIN 4102 - B2

Fresvik sine isolasjonspanel og dørar med skumtype B2 oppfyller alle krav iht. Norsok-standarden, og er iht. DIN 4102 - class B2. Våre panel til skip/offshore har dermed andre branneigenskapar enn våre standard panel.  

Leveransen til Siem Stingray var noko større enn ein vanleg leveranse til skip. Til bygg nr. 821 på Brattvåg leverte vi to fryserom og eit kjølerom til proviant for mannskapet som består av totalt 323 m2 med panel. Kjekt!

Vi takker Vard Accommodation for ordren og godt samarbeid!  
 

Vite meir om våre produkt til skip/offshore?

Kontakt Ove Fedje, som er både teknisk teiknar og salsansvarleg for våre B2-baserte produkt.