Rema distribunal Bergen

Eit av dei største kjøle- og fryseanlegga i Bergen

På Hylkje i Åsane i Bergen har Brødrene Ulveseth bygd lager for REMA Distribunal Bergen (Rema1000). Fresvik Produkt hadde i prosjektet ansvaret for leveransar av fasadepanel og kjøle- og fryserom til heile bygget. Med eit kjølelager på 3.050 kvadratmeter og fryselager på 2.200 kvadratmeter, er dette blant dei største kjøle- og fryseanlegga i Bergen.

Fresvik Produkt har levert fasadepanel til tørrvarelager, kjølelager og fryselager, til saman 16.000 kvadratmeter. Vi har også levert beslag og vindussystem og levert og montert fryseportar, rømningsdører og trykkutjevnningsventiler.

Vi har brukt standardprodukt som er blitt spesielt tilpassa dette bygget. Det er polyuretanskum i panela i kjøle- og fryselagra, med U-verdi på 0,15.
I panela i tørrvarelageret er det mineralull. 

Ønskjer du meir informasjon?

Vi skreddarsyr løysingar tilpassa dine behov til riktig pris.