Interfrukt

På Langhus i Ski kommune har Anthon B. Nilsen bygd nytt grossistlager for frukt-og grønt på heile 21 300 kvadratmeter for Interfrukt SA.

Interfrukt framleiger til ni ulike frukt-aktørar og det nye grossistlageret inneheld tørrlager, kjølelager, fryselager samt kontordel.

Vi i Fresvik Produkt vart valt som leverandør av frys- og kjøleveggar i prosjektet, der Norske Stålbygg var totalentreprenør. Det er store dimensjonar på bygget, vår leveranse bestod av heile 16.500 kvm kjøle- og frysepanelar. 

- Den største utfordringa var høgda på 10,5 meter. Vi produserer panel på 8 meter, så panela måtte skøytast, men med not og fjør i panel-endane oppnår vi god styrke. 

Montasjen pågjekk i perioden august til desember 2013, og gjekk smertefritt seier vår prosjektleiar  Arek Lekki.

Ønskjer du meir informasjon om våre produkt - kontakt vår salsavdeling.