Celsa Steel Service, Sotra

Den 18. april begynte vi fasadeprosjektet på Celsa Steel Service AS sitt nye bygg på Sotra. Celsa Steel Service er ein av dei store aktørane på armeringsstål i Norge, og har åtte avdelingar i landet.

Hovudentreprenøren er Brødrene Ulveseth AS.

Det nye produksjonsanlegget på Straume er 3250 kvadratmeter, og vi sto for levering og montering av 2600 kvadratmeter fasadepanel med mineralull-kjerne, beslag og 16 stk. vinduer. 

Vårt prosjekt vart avslutta den 19.mai, og i oktober skal stålbedrifta flytte inn i sitt nye produksjonsanlegg.

Buskerud storcash

I oktober i år opna Buskerud storcash sitt nye bygg i Kobbervikdalen i Drammen. Storcash er ein del av ASKO og NorgesGruppen og det nye bygget på 2300 kvadratmeter blir eit av dei mest miljøvennlege stormarknadane i landet.

Vår samarbeidspartnar, Kelvin AS, har hatt ansvar for at varme fra kuldeanlegget på Storcash i Kobber blir gjenvunne og utnytta til oppvarming av bygget. Og på sommartid sørgjer kuldeanlegget for nedkjøling av ventilasjonslufta. 

Vi i Fresvik Produkt leverte 1650 kvm med Fresvik isolasjonspanelsju kjøle- og frysedørar og ein fryseport, alle produsert ved vår fabrikk i Fresvik.

Inne i butikken leverte Schott Termofrost heile 42 glassdørar til fryserommet, som vist på foto.

Sjå fleire referansar

 

Foto:Trygve Indrelid