Fresvik kjøle- og fryserom

Fresvik Produkt har produsert kjøle- og fryserom sidan 1980, og er i dag den einaste norske produsent av isolasjonspanel til kjøle- og fryserom.
Vi kan levere alt frå det minste kjøle/fryserommet gjennom eit veletablert forhandlarapparat, til større prosjekt i nært samarbeid med entreprenør, arkitekt/konsulent og byggherre.

Fresvik kjøle- og fryserom kan leverast komplett med veggar, golv, tak og dørar eller portar. Vår storleik, kombinert med ei bevisst satsing på fleksible produksjonsløysingar, set oss i stand til å levere kundetilpassa løysingar.

Våre isolasjonspanel er laga av sandwichelement med oppskumma polyurethan som kjerne, innkapsla mellom to stålplater.

notfjaer1.jpg

Konstruksjon

Basert på eit fleksibelt modulsystem med låsesystem i overgangar. Hygienisk overflate. Kan lett demonterast og flyttast.

Isolasjon

Høgtrykkskumma polyuretan, ca. 40 kg/m³,
som tilfredsstiller gjeldande miljøkrav.

Montering

Så langt det lar seg gjere blir alle rom levert ferdig tilpassa med eksenterlås i alle overgangar. Dette forkortar monteringstida, og fører til minimalt med avfall på byggeplass.  

Overflate

Standard overflate i 0,55 mm galvanisert stålplate med 25 µm polyester, type Foodsafe. Overflate kan utførast i rustfritt stål, syrefast stål, glassfiber-armert polyester eller andre platetyper. 

- Sjå også våre produkt for butikk, skip/offshore og storkjøkken/institusjon