Isolasjonselement til kjøle- og fryseindustrien og byggmarknaden sidan 1980

Basert på modular skreddersyr vi løysingar for både næringsmiddelindustrien, institusjonar og storkjøkken, skip og offshoreinstallasjonar. Fresvik Produkt er i dag marknadsleiar på kjøle- og fryserom til daglegvarehandel, bensinstasjonar og storkioskar.

Vi kan levere alt frå det minste kjøle-/fryserommet gjennom eit veletablert forhandlarapparat til kompliserte totalentrepriser i nært samarbeid med arkitekt/ konsulent og byggherre. Vår størrelse kombinert med ei bevisst satsing på fleksible produksjonsløysingar gjer oss i stand til å levere kundetilpassa løysingar. Vi legg sterk vekt på:

  • skreddarsaum
  • leveransesikkerheit
  • kvalitet

Hovudkontor og produksjonsanlegg ligg i Fresvik i Sogn, i tillegg har vi salgskontor i Drammen. Selskapet har ca. 45 tilsette.

-Sjå oversikt over tilsette.

Alle foto: Trygve Indrelid