dører

Standard dører

Standard kjøle og fryseromsdør. Berekna for mindre og mellomstore rom. Blir også nytta til inspeksjonsluker og nødutgangsluker i større anlegg.

Konstruksjon:

Dørbladet har overflate av galvanisert stålplate med polyesterlakk, type Foodsafe.
Isolasjon av 80mm, høgtrykkskumma polyurethane.

Utanpåliggande karm i 2 mm, pulverlakkert galvanisert stål. Fryseromsdørar leverast med varmekabel i karmen, kabelen er sjølvregulerande. 230V, 16W/m. Karmen leverast som standard med terskelprofil. Tetting ved magnetpakning montert i pvc-profil på dørbladet. Lett utskiftbar.

Standardleveranse:

  • Dørblad med pakningar, montert på karm som beskreve over.

  • Varmekabel i fryseromsdørar.

  • Hevehengsler med forspenning.

Ekstraleveranse:

  • Terskelfri løysing med slepelist i botnen av dørbladet.

  • Liggande terskel for nedstøyping på frysedør med slepelist.

  • Lås med innvendig nødåpner.

  • Dørblad og karm i rustfri utførelse.

  • Dørtiltrekkar, eventuelt med dørpumpe.

  • Mål utanom standard

  • Oppkøyringsrampe i aluminium til fryseromsdørar

Kort leveringstid:

Vi har lager av standard dører.
Dører med bredde-lysmål på 700, 800, 900 og 1000 mm kan som regel sendast same dag eller seinast innen 48 timar.
Kontakt oss for leveringstid og pris.

Skipsdører

Slagdør spesielt berekna for kjøle- og fryserom ombord i skip.

Konstruksjon:
Dørblad: Overflate i 25 my polyesterlakkert stålplate eller rustfritt stål.

Isolering:
80 mm skumma polyurethan, ca. 40 kg/m3.

Beslag:
Kraftige hengsler og lås med innvendig nødåpner.

Karm:
Utanpåliggande i 2 mm profilert rustfritt stål. Fryseromsdørar

leverast med innlagt varmekabel, 16 W pr. meter. 230 V.

Tetting:
Kraftig, utskiftbar pakning.

Mål:
Produserast etter mål frå kunde.

Montering:
Kan monterast på stålskott, trevegger eller isolasjonspanel.

 

Industri slagdør

Større slagdør for kjøle eller fryserom berekna for industribruk. Eksempelvis slakteri, meieri, engroslager.

Konstruksjon
Dørblad: Overflate av 25 my polyesterlakkert galvanisert stålplate type FOODSAFE.

Isolering
Frys: 100 eller 125 mm skumma polyurethane, ca. 40 kg./m3.
Kjøl: 100 mm skumma polyurethane, ca. 40 kg./m3.

Beslag
Løftehengsler. Inn- og utvendig åpnar med smekksperre.

Karm
Utanpåliggande av sjøvannsbestandig, eloksert aluminium. Frysedørar leverast med terskel og innlagt, sjølvregulerande 230 V varmekabel. Effekt varmekabel 51 W/meter. Skifting av varmekabel kan skje utan å demontere døra.

Tetting
Dobbel gummipakning i EPDM-kvalitet.
Dobbel slepegummi mot golv.

Mål
Produserast etter mål frå kunde

Ekstra
Lås med innvendig nødopner
Dørblad i rustfritt stål.