Vi ønskjer alle våre kundar ein solfylt sommar!

Også i år tek Fresvik Produkt fellesferie og stenger fabrikken i vekene 28, 29 & 30.

Med fornya energi etter sommarferien er vi klar til å møte kundane våre på ein god måte!

Fresvik produkt sommarfoto 2019.jpg

Fresvik Produkt har fellesferie i veke 28, 29 og 30. Då er det ingen produksjon og heller ikkje utlevering av varer. Salskontoret i Drammen har vakt i desse tre vekene:
veke 28 og 29: Dag (mobil 91 13 35 58)
veke 30: Lars (mobil 40 47 79 12) .

 

Utfordringar i utkant-Norge

Det er ikkje alltid like enkelt å vere produksjonsbedrift i utkant-Norge, noko Fresvik Produkt har opplevd dette første halvåret i 2019.

Vegstenging

Det starta i vinter med steinras på vegen inn til Fresvik. Eit ras som viste seg å vere alvorlegare enn alle dei rasa og steinane som vi er vant til på denne vegen. Det måtte sikringsarbeid til før vegen kunne opnast att, og det tok nesten ei veke med stengd veg. Ikkje noko enkel utfordring for oss, som ikkje har alternativ veg, og som er vant med å sende varer inn og ut av Fresvik mest kvar dag. Men vi kom over den utfordringa og.

Brot på fiberkabel

Så kom pinsehelga i juni, og vi såg fram til nokre fridagar. Men før helga skikkeleg var starta, så blei det så merkeleg stilt  i bygda. Vi kunne ikkje bruke telefonen (verken fasttelefon eller mobil), tv’en var utan signal og internettet var heilt uråd å oppnå kontakt med! Det viste seg at fiberkabelen i Sognefjorden, som gjev oss kontakt med omverda, var kutta. Årsaka var undersjøisk ras. Vi forventa at når pinsehelga var over, så var nok dette i orden att. Men slik gjekk det ikkje ! 14 dagar tok det før Telenor hadde klart å koble Fresvik til omverda att. 2 heile veker var eit heilt bygdesamfunn isolert kommunikasjonsmessig,  eit bygdesamfunn med butikk, skule, barnehage, fleire småbedrifter og alle private husstandar. Dette trur vi ikkje hadde skjedd på ein meir sentral stad.

Fresvik Produkt kunne ikkje overleve med ein slik situasjon, der vi ikkje kunne oppnå kontakt med kundane våre eller andre forretningspartar. Telenor kunne ikkje gi oss noko back-up eller hjelp, så vi byrja straks å jobbe med alternative løysingar. Telenor sin informasjon om denne skaden var kritikkverdig, då vi ikkje fekk nokon rett informasjon om når vi kunne forvente kommunikasjonen tilbake. Heldigvis klarte Vik It-Partner og Sognenett å gi Fresvik Produkt ei midlertidig løysing, der vi fekk att internett, e-postar etc, og fekk såleis også oppatt kommunikasjon med salskontoret vårt i Drammen.

Vi håpar at kundane våre ikkje har lidd under denne ekstraordinære situasjonen desse vekene. Men det har vore ein krevjande periode for oss som arbeidar ved bedrifta. No er vi tilbake til normal situasjon, men vi informerar om det vi har vore gjennom, dersom det har vore kundar eller andre der ute som ikkje har oppnådd kontakt med oss i denne tida. Så er det dette som er forklaringa, heilt utanfor vår styring.

Produksjon for fullt

Produksjonen vår var heldigvis ikkje ramma av fiberbrotet. Vi har hatt ein hektisk vår, der produksjonen har gått for fullt, med stor produksjon særleg til butikkar.

Vi har fullt køyr og litt overtid for å få alt produsert til fellesferien, men vi har kontroll og alt som er lova før sommarferien skal bli ferdig og sendt. Likeeins har vi god kontroll på produksjonen vi skal starte oppatt med etter fellesferien.

Fres - festivaltid i Fresvik

foto: Åsmund Kongsvik Aall

foto: Åsmund Kongsvik Aall

Siste helga i fellesferien set musikkfestivalen Fres Fresvik på hovudet

Frå Facebook-sida til Fres Festival:

«Den einaste helga du må hugse å ordne deg fri til! Djupt mellom fjord og fjell ligg Fresvik, ei bygd som er skreddarsydd for minneverdige festivalopplevingar. For 14. året arrangerast Fres Festival der, ein festival med berre bra folk, og den beste musikken»