Påskeferie på Fresvik Produkt

Fresvik-produkt-fjellbilde-ferdig.png

Vi i Fresvik Produkt ynskjer alle våre kundar og kontaktar ei god påske-helg!

Fresvik Produkt tek påskeferie i heile veke 13 og tek altså fri dei tre arbeidsdagane i tillegg til helgedagane.

Salskontoret

På salskontoret vårt i Drammen vil Lars vere på arbeid dei to første dagane denne veka. Ta gjerne kontakt med Lars, sjølv om vi ikkje klarar å levere ut varer frå fabrikken i påskeveka.

Vi håpar dette ikkje skapar problem for våre kundar.

 

 

Meir automatisering i produksjon

Også i vinter har vi drive automatiserings-arbeid i produksjonen. Vi har automatisert prosessen med stabling på platelinja, noko som gjer produksjonen vår enklare og vi kan produsere fleire ordrar på same tid. 

Dette føyer seg inn i ei rekke av investeringar vi gjer for å automatisere produksjon og skape ein ultramoderne fabrikk i Fresvik.

Dette arbeidet har pågått samstundes som vi har hatt full produksjon. Det har vore utfordrande både for dei som produserar og for dei som utfører investeringane. Alt i alt har vi løyst dette på ein god måte, og vi trur ikkje at kundane våre har merka noko særleg til det.

Det er likevel kjærkome med ei påskeveke fri for alle tilsette, etter ein hektisk etterjulsvinter.

ME ØNSKJER ALLE VÅRE KUNDAR OG KONTAKTAR EIN RETTELEG GOD PÅSKE!