KAMPANJE MOT FRESVIK PRODUKT

Siste året har det til tider gått rykter i marknaden om at Fresvik Produkt ikkje produserar lovlege/godkjende panelar. Nokon melde også dette inn til Direktoratet for Bygg-kvalitet. Direktoratet tok dette på alvor og undersøkte påstandane. Som forventa har dei ikkje funne nokon realitet i påstandane,  og har sendt ei stadfesting på dette.

Alle våre produkt er i henhold til lover og reglar, og kan brukast som beskrive i Teknisk Godkjenning nr. 2135 frå SINTEF Byggforsk.

Blant nye/potensielle kundar, kan sjølvsagt eit slikt rykte skape usikkerheit. Vi er difor svært nøgde med at godkjenninga frå Direktoratet avkreftar all usikkerheit.

Som industribedrift lever vi i ein konkurranseutsett kvardag, og vi må leve med hard konkurranse til ei kvar tid. Det har ein periode vore slitsamt for Fresvik Produkt å bli utsett for dette.  Å setje fram slike rykter og tvilsame påstandar, er uverdig og useriøst av den/dei som har gjort dette.

Fresvik Produkt ynskjer god sommar og som alltid med godkjende produkt!