Hus til utleige

Hus til utleige

For tida er bustadhuset til Fresvik Produkt på Høgheim ledig for utleige, både hovudetasjen (umøblert) og kjellarleilegheita.

Kjellarleilegheita er møblert, slik at den kan leigast ut for kortare eller lengre periodar.

Den er møblert for to personar (dobbelseng), men har ein sjølv med utstyr kan ein overnatte fleire for kortare tid.

Leilegheita er fullt utstyrt, men ein må sjølv ha sengklær (laken, dynetrekk og putevar), handklær og ein må vaske ut av leilegheita etter bruk. Ein kan evt avtale at den blir vaska etter bruk mot betaling.

Breiband og TV er bestilt, men blir først tilgjengeleg når breibandet her i Fresvik er på plass (i løpet av våren?).

Til kjellarleilegheita er det og biloppstillingsplass og/eller carport.

Kjellarleilegheita er tilgjengeleg for ei enkelt overnatting, eller for lengre periodar. Inkludert i leiga er sjølvsagt oppvarming (elektrisk) og andre kostnader. Det er ikkje oppvaskmaskin eller vaskemaskin i leilegheita.

PRISAR:

Pr døgn:      Kr   300,-

Pr helg:       Kr   600,-   (fredag-søndag)

Pr veke:       Kr 1.200,-

Pr månad:   Kr 3.500,-

Dersom du ønskjer å leige kjellarleilegheita, så ta kontakt med Fresvik Produkt på telefon 57 69 83 00 eller mobil 99 22 75 16.