Ferie-avvikling sommaren 2018

Sommar-ferien nærmar seg i år og. Den flotte våren og sommaren vi har hatt i sør Norge, har gitt oss kjensla av at vi har hatt sommar lenge.

Men vi håpar og trur at vi får fine sommardagar også når vi tek fellesferie.

Fresvik Produkt stenger i tre veker i juli månad:
9. - 27. juli er produksjonen stengt.

Dag Holt held salskontoret i Drammen ope denne perioden og tek vare på kundar og andre som tek kontakt, men vi ber om forståelse for at vi ikkje kan levere ut varer denne perioden.

Vi ønskjer alle vår kundar og forretningssamband ein god sommar!

Etter ein velfortent fellesferie i juli, ser vi fram til hausten, som alt no teiknar til å bli hektisk.