Sommar-stenging 2017 hjå Fresvik Produkt

Også i år tek Fresvik Produkt fellesferie i vekene 28-30, dvs. 10. juli tom 30. juli.

Fabrikken blir stengd for produksjon, og vi kan heller ikkje sende ut varer eller reservedeler i denne perioden. Likevel kan du desse vekene få kontakt med vår seljar Dag Holth som vil vere på arbeid. Han er å treffe på telefon 322 08 200 eller 911 33 558.

Port- og døravdelinga vår vil også ha stengt i fellesferien, og vår franske underleverandør har som vanleg stengt i august månad. Stort sett har vi varer på lager, men ber om forståing for stenging hjå leverandøren, dersom det er snakk om leveransar utanom standard.

Så hugs: treng du portar i sommar - set dei i bestilling snarast!

Oppgradering av produksjonsutstyr i juli

Feriemånaden juli plar vere roleg, og difor passar det å avvikle ferie i fabrikken.

Vi driv med ei størreoppgradering av produksjonsutstyret vårt, og mykje av dette vil bli utført i sommar. Produksjonen blir på denne måten minst mogeleg forstyrra, sjølv om oppgraderinga er under arbeid både før og etter fellesferien.

Når alt er innført, trur vi at denne investeringa blir til beste for både produksjonen og kundane våre.

 

Fresvik Produkt vil ynskje alle våre kundar og samarbeidspartar ein retteleg god sommar!

 

Foto:Trygve Indrelid