Fasade-element og takplater frå Ruukki

På oppdrag for Klepsvik-familien byggjer entreprenøren Brødrene Ulveseth as ny Spar-butikk på Forland i Sund kommune.

Fresvik Produkt as har vore underleverandør på fasade-element og takplater. 930 m2 fasadelement frå Ruukki med mineralullisolasjon, i tillegg til 1390 m2 Ruukki takplater er blitt levert og montert i ein hektisk periode.

Fresvik har hatt ansvar for montasje av fasade og tak, og vi har også montert utlekting på fasadepanela. Det skal monterast trekledning utanpå delar av fasaden.

Vi har levert vår del etter tidsplanen etter godt samarbeid med både oppdragsgjevar og Ruukki.

Bygget skal stå ferdig hausten 2015, og som marknadsleiar på kjølerom til butikk, håper vi at også skal få levere kjøleromspanela til butikken.