Nyheit: Fresvik hengsel - sjølvlukkande hengsler til fryse- og kjøledør

                                                      Fresvik hengsel

Alle som har kjøle- eller frysedør opplever stadig vekk at dørene ikkje blir lukka. I ein hektisk kvardag, gjerne med produkt i begge armane, kan det lett skje at døra ikkje blir lukka skikkeleg, med påfølgande kuldetap. 

Dette har vi i Fresvik Produkt gjort noko med.

Etter ein lang periode med utvikling er vi klar for levering av vårt eigenutvikla dørhengsel - Fresvik hengsel. Prototypen vart vist på Smak2017 og blei svært godt mottatt der.

Med Fresvik hengsel får du dører som:

  • alltid vil bli lukka (når vinkel < 100 grader)
  • gjer at du unngår kuldetap
  • er slitesterke og gir deg mindre vedlikehald
  • blir ståande i open stilling ved vinkel 100 grader eller meir

Tilgjengeleg på alle dører

Fresvik hengsel vil bli tilgjengeleg på alle dører levert av Fresvik Produkt, bortsett frå industrislagdørar. 

Sjå oversikt over våre kjøle- og frysedørar

 

 

 

Fresvik kan ta "heile pakken"

I tillegg til å produsere isolasjonspanel og portar, kan vi i Fresvik Produkt også stå ansvarleg for montasje. Desse prosjekta vert ofte styrt av vår faste prosjektleiar Arek Lekki, og vi gjer ofte slike oppdrag saman med våre faste montasjepartnarar. Under finn du tre prosjekt vi nettopp har avslutta montasje på:

Fatland slakteri, Jæren

Den 20. november avslutta vi montasjen på Fatland slakteri på Jæren. Det vart montert 760 m2 av oss, resten, ca.200 m2, vil kunden montere sjølv seinare. 

Og kunden Magne Hjelmtveit var godt fornøgd med jobben vår....

Helgesen Tekniske Bygg, Bergen

30. november avslutta vi prosjektet til Helgesen Tekniske Bygg på Storbotn 110 i Bergen.  Der leverte vi panel til himling og veggar. Det vart montert 730m2 på ei veke, og montasjen gjekk kontinuerleg utan problem!

Gjeraldstveit Mekaniske AS, Voss

Den 4. november starta vi på prosjektet til Gjeraldstveit Mekaniske AS på Voss  Fram til i dag har vi montert 1240 m2 panel, i tillegg til alle beslag. Det står att montasje av kontordel og garasje. 

Vil du vite meir om Fresvik og montasje? Snakk gjerne med vår salsavdeling

Skjererom - for eit betre arbeidsmiljø

Fresvik Produkt er opptekne av arbeidsmiljø, og vi har difor gjort ferdig eit nytt skjererom, der vi isolerer arbeidsprosessen med skjering av panel. Dette har vore ein arbeidsprosess som skapte støy i produksjon, og saman med Bedriftshelse1 har vi utforma eit eige skjererom, som gir redusert støy i produksjonslokala, samtidig som vi med løftebord og vakuumløftar får tilpassa arbeidsstillinga til dei tilsette for å unngå belastningskader. 

Med eigen Fresvik-port

Fresvik Produkt er stor produsent av portar, og vi har sjølvsagt eigenprodusert porten til rommet. Styring, motor og beslag på denne porten er heilt nytt og levert av vår faste leverandør. Ta kontakt med vår salsavdeling for meir informasjon om våre Fresvik-portar

Deleveggar, dører og portar til nytt lefsebakeri på Stranda.

Orkla Foods byggjer i desse dagar nytt lefsebakeri på Stranda. Nybygget har eit bruttoareal på 2574 m2, og blir oppført av PEAB.

Vi i Fresvik Produkt har levert:

  • 1150 m2 mineralullspanel frå Ruukki
  • 60 m2 brannvegg, klassifisert som EI60
  • dører
  • vindauge
  • skyveportar 

Vi var underleverandør til vår samarbeidspartnar Isowest, og vi stod for både leveranse og montasje i nokre hektiske dagar i starten av juni månad. Før prosjektet starta vart Sikker Jobb Analyse-metoden gjennomført. 

Vite meir om prosjektet? Kontakt vår salsavdeling

Dag Holth - vår nye mann i Drammen

Dag holth fresvik produkt 3.jpg

Vi i Fresvik Produkt er glade for å ha fått på plass ein erfaren salsperson ved vårt kontor i Drammen.

Dag Holth er 58 år, frå Asker, har fagbrev i elektronikk på 70-talet og har sidan 1986 jobba med sal og kundekontakt i fleire selskap i elektro-bransjen. 

Han kjem til oss i Fresvik Produkt frå jobben som salsansvarleg i Aronsen & Co as og var før det hos elektrogrossisten Berggård Amundsen as.

Dag har jobba hos oss i to månader og hatt sin opplæring, bl.a. i produksjon i Fresvik.

Er du kjøleentreprenør og ringjer 32 20 82 03, er Dag klar til å gje deg tilbod og gode råd.

Sjå kontaktinformasjon Dag Holth 

 

Fresvik skyveport

Port1_fresvik.jpg

Fresvik Produkt har i mange år hatt ein betydeleg produksjon av skyveportar, ein produksjon som i 2014 viser ein fin vekst.

Vi produserar ved fabrikken i Fresvik skreddarsydde skyveportar på ordre der vi lagar og monterar portane med beslag, karm og tetning.

Skyveportane blir laga etter kunden sine mål og spesifikasjonar. Mange har m.a. behov for å felle inn gangdørar i skyveporten, og vi opplever også ein auka etterspurnad etter autoportar, dvs. elektrisk drevne portar som ofte blir valt når ein skal opne porten frå t.d. truck.

Dørbladet er ei galvanisert stålplate i polyesterlakkert overflate (Foodsafe). Portblad kan også leverast i rustfritt eller syrefast stål. Dersom det er skyveport til eit fryserom (fryseport) vert denne levert med terskel og innlagt sjølvregulerande 220 V varmekabel. 

Det aller meste av denne produksjonen går til næringsmiddelindustrien, men vi produserar også ein del skreddarsydde skyveportar til lager, båtar og offshore.

Her er ein ny skyveport på veg til Isowest as på Eidsnes ved Ålesund.

Vli du ha meir informasjon om våre skyveportar , industri-slagdørar eller våre standard dørar til kjølerom, fryserom eller skip - ta kontakt med vår salsavdeling.