Jobbe med oss?

  • Noregs største fagmiljø på isolasjonspanel

  • Godt arbeidsmiljø med kjekke kollegaer

  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

  • Kontor i Fresvik og Drammen

Ledige stillingar:

Produksjonsmedarbeidar

I produksjonen har vi stadig behov for folk.

Vi søkjer deg som er fagarbeidar eller ufaglært. Vi har varierte stillingar som skal fyllast i produksjonen – så det viktigaste er at du er interessert i produksjonsarbeid, er lærevillig, har «stå på»-vilje, likar å jobbe i lag med andre og beheld humøret sjølv i hektiske periodar.

Bedrifta er i full gang med robotisering på fleire områder, og dette kan medføre endringar til andre og spanande arbeidsoppgåvene. Ein må vere innstilt på å vere med på endringar og utviklinga framover.

Vi har eit godt arbeidsmiljø med tilsette frå mange ulike nasjonar, så det er viktig at du er med på å vidareutvikle det gode arbeidsmiljøet.

Arbeidsspråket er norsk, så vi forutset at du beherskar det både muntleg og skriftleg.

Vi ønskjer oss fast tilsette i 100%-stillingar, men vi er også opne for deltidstilsette og vikarar som arbeidar på tilkalling i hektiske periodar eller ved kortvarige fråvær.

Alle stillingar er med i våre pensjons- og forsikringsordningar.

Ordinær arbeidstid i produksjonen er skiftarbeid 5 dagar i veka (fri alle helgar) og ferieavviklinga skjer oftast med 3 veker om sommaren, fri i påska og fri i romjula.

Søke på stillinga:
Send søknad til sivset@fresvik.no, merk e-posten “Produksjonsmedarbeidar”.

Spørsmål om stillinga?
Siv Settevik, tel: 416 60 685 / Gyda Bøtun, tel: 992 27 516


Bu og jobbe i Fresvik?

Ei aktiv jordbruksbygd, lun og vendt mot fjorden. Trygg og god oppvekst, lag og organisasjonar for ein kvar, musikkfestival, industri, og eit rikt friluftsliv. Velkomen til Fresvik.

Fresvik – ein god jobb og eit godt liv

27.09.2023

Vil du jobba på skulen, i barnehagen, på butikken eller hjå Fresvik Produkt? No har du sjansen til å få leva ut draumen om eit liv i den idylliske fjordbygda Fresvik.