Spesialløysing til tørkerom hjå Drageboden Kaupanger

Fresvik Produkt leverer så mangt! Drageboden på Kaupanger har no fått skreddarsydde panel som blir nytta som to tørkerom til trevirke.

Dageboden har mellom anna stått for prefabrikering og utsmykking av hytta Hugin/Ramnereiret på Kaupanger. Dei jobbar med treverk, og fekk behov for tørkerom til materialane. Panel frå Fresvik Produkt blei ei god løysing.

Her gjekk vi for ei rustfri overflate på innsida, på grunn av den høge varmen (opp til 60-70 gradar!). Vi leverte ein laus vegg på begge rom, slik at dei kan opne heile veggen og køyre inn pallar med treverk. Kunde har sjølv montert lås.

Takk for eit kjekt prosjekt litt utanom det vanlege!

Bilde frå leveransen:

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Neste
Neste

Omfattande leveranse til Bakehuset Trondheim